Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Maribell         No er eksamensmappa for dokumentarfilmtekstar for film og fjernsyn  lagt ut.

          Den ligg her

Advertisements

Read Full Post »

I siste nummer av Prosa (06/10) skriv Åsa Linderborg eit friskt innlegg om norsk sakprosakritikk. Ho meiner alt for få norske kritikarar tør å analysere bøkene idékritisk, dei vågar ikkje å ha eigne standpunkt og gå imot det forfattaren meiner. Dei vågar ikkje sleppe fram seg sjølve, skriv Linderborg.

”Kritikarna är redda för at smutsa ner händerna med politikk, med ideologi, med en standpunkt de kanskje måste försvara eller i framtiden tvingast revidera. Säkrare är att inget säga.

Les heile artikkelen.

Read Full Post »

 

Dette semesteret har vi lært mykje om bokbransjen – frå idé til ferdig bok. Tusen takk til Merete og Siri for inspirerande og lærerike samlingar.

Eksamensmappa i formidling og forleggeri finn du her.
Larvik 28. november 2010

Read Full Post »

Generasjon sex

– Du må i prosjektbeskrivelsen vite hva du undrer på, sa sosiolog Hanna Helseth på masterstudiets 3. samling. En bok trenger en klar problemstilling – en undring. Forfatteren som fortalte om den siste boka si, Generasjon sex, var yngre enn alle som satt i salen. Hun snakket lavmelt og med stor autoritet om det å skrive ei debattbok. Les mer på blogginnlegg for 3. samling

Read Full Post »

Eg har ein hyggeleg, utfordrande og ganske morsom jobb. Nokre dagar får eg gjort mykje og er ganske nøgd med meg sjølv, andre dagar går tida bort i småting utan at jobben blir gjort. Ofte er det ei oppgåve som ligg der å ventar, som eg ikkje heilt orkar å byrje på. Den vert utsett og utsett. Eg må berre svare på nokre e-postar til, lese ein viktig artikkel, sjekke nokre nettstadar, rydde på skrivebordet. Vi tre som jobbar med fagformidling kallar denne tilstanden å prokrastinere.

På sist samling i formidling og forleggeri lærte eg eit nytt og betre ord. Eg vel å tru at det vi eigentleg driv med er å inkubere. Dette ordet gav denne fasa, som ofte er ganske ubehageleg, eit snev av positivitet. Les meir på blogginnlegg for 3. samling

Read Full Post »

Eller mogelegheiter og avgrensingar som det heiter på nynorsk. Kva er mine mogelegheiter og avgrensingar som faglitterær formidlar?
 Eg har svart på 3. oppgåve på modulen Formidling og Forleggeri i artikkelform. Lengda på artikkelen skal være  tilpassa bloggsjangeren. Kva det betyr, har vi studentane diskutert ein del. Vi ser at trenden går mot at folk les meir tekst på skjerm enn tidlegare. Eg har difor valt å skrive ein lengre tekst enn det som i dag er vanleg for eit blogginnlegg.

Read Full Post »

Prisutdeling

Det er jobben min å skrive så godt eg kan om korleis Statped kan hjelpe skuleelevar med ulike vanskar. Kanalen er Statped  sitt magsin Rom for læring. Det var litt rart då eg fekk vite at ein av artiklane mine var nominert til Kommunikasjonsforeninga sin pris for beste journalistikk. I går kveld satt eg salen og høyrde juryen si vurdering av artikkelen før prisutdelaren reiv opp konvolutten. Kva konkurrentane sine artiklar handla om hugsar eg ikkje heilt, men det såg bra ut. Eg tenkte at eg er nøgd uansett med å få være ein av tre nominerte. Så plutseleg stod eg der på podiet og mottok prisen for beste tekst. Det var ein pussig opplevelse.

Eg ser at teksten eg skreiv om Tobias frå Finnsnes er litt anleis. Etter eit år på det faglitterære masterstudiet har det sneke seg inn noko anna i tekstane mine. Eg trur det handlar om ein anna type nærvær og litt anleis personportrett enn det som er vanleg i journalistikken. I redaksjonen har vi snakka mykje om at vi vil djupare ned i det faglige, men formidle det på ein måte som rører ved nokre kjensler.

Kjensler er eigentleg tabu å snakke om for oss som driv fag- og forskingsformidling. Objektiviteten står i høgsetet og det er lite rom for kjensler. Men, kva er eigentleg objektivitet, og kjensler finst i mange variantar. Interesse er også ei kjensle. 

Eg vert meir og meir einig med Aristoteles når han seier at vi må «bevege våre mottakere om vi skal overbevise de». Eller som forfatter og filosof Germaine de Stäel (1900) seier:

«Det er våre affekter som får oss til å reflektere, bare de kan gjøre ånden i stand til å bore raskt og dypt».
Mitt mål er å få mottakarane til å reflektere over kva som gir born og unge ein betre skulekvardag. Masterstudiet i faglitterær skriving er definnetivt nyttig for å nærme seg det målet.

Read Full Post »

Older Posts »