Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for februar, 2010

Å skrive biografisk

I den andre oppgava under temaet litterær sakprosa, har temaet vore biografi. Eg har skreve ein tekst om den gamle, rare tanta til far min. Ei ugift lærarinne som flytta inn hos oss då eg var fem år fordi ingen andre ville ha henne. Det var forsatt ei skam å flytte på aldersheim i 1974. Tante Klara var glad i å skrive lesarinnlegg i avisene. Dei fleste kom aldri på trykk. Tre gongar havna ho i Dagbladet si dustespalte. Det er første gong eg har reflektert over kven ho var og kvifor ho var så annleis. Dette er første utkast av teksten som eg vil arbeide vidare med fram mot eksamen i juni.

Reklamer

Read Full Post »

Personleg essay

«Meir enn å være ein bestemt skrivemåte, er det personlege essayet ein måte å være i verden på», skriv Lopate i The Art of Personal Essay. Eg har gjort eit forsøk. Det var egentlig ganske morsomt å skrive ein slik tekst – som berre skal flyte avgarde og utvikle seg undervegs. Eg har skrevet ein liten tekst om livet som ei reise. Eller egentlig livet som ei målreise frå Larvik stasjon. Eg trur den er, som Lopate skriv, litt famlande og uavslutta. Eg har forsøkt å være ærleg, utforskande og vise det samansette.
Dette er første utkast og eg er glad om nokon har innspel som kan gjere teksten betre.

Read Full Post »