Eg har ein hyggeleg, utfordrande og ganske morsom jobb. Nokre dagar får eg gjort mykje og er ganske nøgd med meg sjølv, andre dagar går tida bort i småting utan at jobben blir gjort. Ofte er det ei oppgåve som ligg der å ventar, som eg ikkje heilt orkar å byrje på. Den vert utsett og utsett. Eg må berre svare på nokre e-postar til, lese ein viktig artikkel, sjekke nokre nettstadar, rydde på skrivebordet. Vi tre som jobbar med fagformidling kallar denne tilstanden å prokrastinere.
På sist samling i formidling og forleggeri lærte eg eit nytt og betre ord. Eg vel å tru at det vi eigentleg driv med er å inkubere. Dette ordet gav denne fasa, som ofte er ganske ubehageleg, eit snev av positivitet. Les meir på blogginnlegg for 3. samling